Remidt melder om slamtømming i Todalen i oktober – nærare bestemt er det vekene 40- 41 og 42 som er sett av til tømming i Todalen. Det er Norva24 Miljøservice frå Stryn som utfører oppdraget på vegne av Remidt, og tømming blir normalt utført annakvart år. Du vil få nærare informasjon om korleis du må førebu deg på tømminga.
Før tømming må eventuell overdekking av tanklokk takast av, og trær og busker som er til hinder for tømming må fjernast. Elles kjem det meir info etter kvar om korleis du skal førebu tømming.