I pinsehelga er det duka for ny Vårsøghelg. Programmet startar torsdag 20. mai med offisiell opning av Vårsøgutstillinga i kulturhuset, der Elling Reitan er årets Vårsøgkunstner. Vidare er det program kvar dag, fram til søndag 23. mai. Vårsøghelga rundar da av med «Karra og kvinnfolk. Mmm…!» i Storstua på Kulturhuset. Svinviks arboret deltek i årets Vårsøg-program med «Tonar i blomsterland» laurdag 22. mai kl 16.00, der får vi høre straumsnesgjeldingen Unni Boksasp m/orkester og Oppdal mannskor.
Hovudarrangementet er sjølvsagt Kleivakvelden fredag 21. mai. Den foregår som vanleg på Kleiva og har eit variert og rikt program med bl.a. Henning Sommero og John Pål Inderberg. Her får vi høre Terje Tysland, Unni Boksasp MGP-aktuelle Torstein Snekvik og mange flere.
Fullt program finn du på heimesida til Vårsøghelga . Billettar kan du kjøpe på kulturhuset, Vårsøg Hotell eller på billettluka.no.