Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårpuss på alle frontar…

Jon Olav Ørsal Fredag 9. mai 2014

Torsdag var det vårpuss på alle fronter. Todalen brannlag hadde sin årlege innsats med spyling av plassen framfor Talgø og Matkroken. Sjølv om det var litt motortrøbbel på brannpumpa så vart det gullande reint. Ein børstebil frå Eidsøra Betong tok eit par rundar rundt bygda og sopa saman restane av strøsanden som låg att rundt vegkantane. Den børsta og støvsuga og samla strøsandrestane i tanken.

vegpuss_0957

Eidsøra Betong støvsuga fylkesveien rundt bygda, og samla strøsanden i tanken. Foto: Jon Olav Ørsal

Og til slutt tek vi med dagens dugnadgjengar som dreiv med skrubbing og vasking av kyrkja. På formiddagen var det Anders Todalshaug og Gudmund I. Kvendset som var i aksjon, medan nytt skift kom på torsdag kveld. Vaske- og spylejobben er på det nærmaste ferdig. Målararbeidet starta kanskje  på laurdag, trudde dugnadssjef Ragnar Halle.  Godt jobba, folkens!

DugnadKveld_0963

Kveldsskiftet – Magne Søyset, Ragnar Halle, Einar Husby og Anders Halset. Foto: Jon Olav Ørsal

DugnadDag_0961

Dagskiftet – Anders Todalshaug og Gudmund I. Kvendset. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 9. mai 2014, 05:00 - Sist oppdatert: 8. mai 2014, 23:06