Også i år arrangerer Surnadal Normisjon misjonsmesse på våren. Velkomen til ein hyggeleg dag med sosialt samver og misjon på Eidet
bedehus laurdag 25. mars. et blir loddsal og sal av varer og kaffe/mat frå kl 13. Møte med program og trekning av hovedlotteri, daglotteri og kakelotteri frå kl 16.
Andakt og informasjon ved regionleiar Torgeir Frøsøye. Song av lokale songarar. Vi tek med takk imot gåver til sal av mat og handarbeid, daglotteri og kaffemat. Inntektene går til Normisjons arbeid i fleire land der dei driv kyrkjearbeid, helse- og skulearbeid, utviklingsarbeid etc. – og til barne- og ungdomsarbeid, leiropplegg og skuledrift i Norge.