Med visesong og god mat og drikke trøydde både vertskap og betjening tida i vente på startskotet for laksefisket i Toåa. Det er knytta stor spenning til årets laksefiske – både på grunn av den nye ordninga med rotasjonsfiske, men også fordi det er bra innsig til kysten med mellomstor laks. Det har vi god tru for at det lover godt for årets sesong for laksefisket, seier Arve Evensen som er vert på Todalshytta.
Han er nok litt skuffa på grunn av mange utanlandske gjestar som har avbestillt på grunn av karantenekravet, men han håper på at han kan få fleire norske laksefiskarar «på kroken». Måndag kveld var det samling i peisestua, der Torstein Snekvik sørga for prima visesong og gitarspel. Det ga ei god stemning som gjorde at folk kosa seg med god mat og drikke til hans kulturelle bidrag.
Det er forresten 2010 og 11 år sia Torstein gikk heilt til topps i Melody Grand Prix jr. Han driv framleis med musik, men i litt mindre skala – jeg deltak no på forskjellige prosjekt på det lokale planet, fortel Torstein. Han fortel vidare at det no er utdanninga som har høgaste prioritet, og han har alt ein batchler i idrettsvitenskap i hamn, og satsar vidare på neste i statsitenskap.
Ved midnatt går altså startskotet for fisket både i Toåa og i Søya. Etter som det er gjort fleire observasjonar av laks i elva dei site dagane, så held vi ein knapp på at dei første laksane går på kroken i morgontimane på tysdag. Skitt fiske!