Rundt bygda er det mange som er i gang med vedarbeid. Lars kvendset er ikkje noko unntak, og laurdag var han i full gang med produksjon av vedforsyning til neste vinter. Etter ein kald og lang vinter er det nok mange som har tomme skott, og da er det berre å ta motorsaga fatt og dra til skogs.
Lars hadde produsert ved både til seg sjølv på Vangen og til mora Bodil som bor på Lauvås. I tillegg sa han at han har laga litt ved, slik at han kan halde varmen i Jostu også. Det er i hvertfall ikkje problem å skaffe seg råvarer, for det er rikeleg tilvekst av older og anna virke.
Men Lars var litt travel, og begynte å bli utålodig da vi spurte og grov om forskjellig. Vår utsendte var ikkje klar over at Arsenal hadde kamp kl 16, og Lars skulle bli ferdig med vedarbeidt før kampen starta!