Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Varma jegrane med svele og gløgg

Jon Olav Ørsal Sundag 23. november 2014

Vi har tidlegare omtale todalingane og andre som jaktar på storvilt i Engdal og Rodal. Laurdag vart det lite resultat av jakta, men derimot venta det ei lita overrasking når dei kom att til «base camp» i garasjen til Kjell Furnes….

Eli Norunn Furnes Fjærli, som tittelerer seg som svelesteikar og gløggvarmar, hadde nemlig rigga til med servering av svelar og gløgg til jegrane.  Vi er sikker på at ho både gledet og varmet jegarane med den overraskinga. Det er da også godt å sjå at svela lever vidare, sjølv om Fjord1 har sett punktum for den slags produkt på sine farty.

 

 

 

Publisert: 23. november 2014, 11:00