Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Varm festivaldag i Romådalen…

Jon Olav Ørsal Sundag 6. juli 2014

Medan gradstokken langt på veg til 30-talet arrangerte Norsk vandrefestival vandring til Romådalen, der proffesor og biolog sørga for det faglege innhaldet og Tryve Halle var med som kjentmann i dalen.  Denne turen stod på programmet vor fjorårets vandrefestival, men måtte da avlysast på grunn av raset uti Stranda. Turen vart difor utsett til i år, og den samla rundt 25 deltakarar.

Romådalen viste seg frå si finaste side denne dagen, og sjeldan er nok myrane så tørre som akkurat no. Det var i allfall fine tilhøve for å ferdast, og turen gikk heilt innover til «inner setrin» eller «indre hallaseter» som det står på kartet.  Ivar Vullum frå Norsk vandrefestival var turleiar og arrangør av turen som starta fraå Heggøyann og gikk etter den gamle setervegen opp Romålia.

Nils Røv auste av sin store kunnskap om plante- og dyreliv på turen, og det var mange stopp for å fortelje om ting som han såg på turen, slik som fuglar og fuglereir ved stien. Munnspelet hadde han også med og det vart fleire «trallar» på turen innover Romådalen. Det var også muleg å stille ymse spørsmål under turen, og alle fikk greie og kyndige svar på sine spørsmål. Han hadde også ei lang avhandling om Folldalsfanten og historia rundt han. Folldalsfanten hadde nok sine «tokt» til Romådalen og folka på setrene hadde nok respekt for han. Trygve Halle som var lokal kjentmann orienterte om seterhaldet, markaslåtten og bruken av Romådalen før og no.

Bildegalleri frå vandrefestivalens tur til Romådalen.   Foto: Jon Bruset og Gudmund K. Kvendset.

 

 

Først publisert: 6. juli 2014, 06:00 - Sist oppdatert: 5. juli 2014, 23:48