Tida for vårløysing i fjellet er forlengst komen, og sjølv om vi opplevde å få mykje nysnø for 2-3 veker sia, så er vårløysinga no i full gang, og det ber da også elva preg av. Dei siste dagane har NVEs målestasjon ovafor Storfossen målt mellom 30 og 60 m3/sek kvar dag. Vassføringa så langt toppa seg i går med omtren 60 m3/sek. Men mildvêret vil nok fortsette, og vi må nok rekne med stor vassføring i fleire veker framover. Det er nemleg mykje og vannrik snø i fjellet – og alt skal ned etter elva.
NVE har da også sendt ut advarsel om at det kan være fare for flom i mange vassdrag. Spesielt dersom det blir regnvêr og varme samtidig. I helga er det meldt litt regn, men det er i tilknyting til austleg vindretning og ikkje så store mengdar. Men elvane kan bli store og vi kan nok oppleve at det blir flaum i tilknyting til stor snøsmelting alt i helga.
Vi tok ein liten fotorunde rundt bygda for å sjå korleis Toåa bryr seg fram i dag, med ei vassføring på ca 50 m3/sek ved målestasjonen. Alle foto: Jon Olav Ørsal