Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårløysing – regn og snøsmelting med middelflaum

Jon Olav Ørsal Fredag 26. mai 2017

Regn og mildvêr i nattens mulm og mørke har ført til at Toåa i løpet av natta har påassert grensa til middelflaum.  NVE har definert vassføring på over 74,48 m3/sek som middelflaum for Toåa og denne grensa vart såvidt passert i 03-tida i natt da målestasjonen ved Storfossen registrerte 74,54 som høgaste vassføring. 

Ein verstasjsjon i Brusetmarka har registrert knappe 10 mm nedbør frå midnatt og fram til 9-tida i dag, men med stor snøsmelting så kan vi altså registrere at flaumgrensa (middelflaum) er passert.  I NVEs ruller er det registrert at grensa for 5-årsflaum er på 86,8 m37sek, medan 10-årsflaum og 50-årsflaum ligg på 97,9 og 128,0 m3/sek. 

Siste måling som var tilgjengeleg i skrivande stund (9.30) var på 73 m37sek og da var tendensen stigande, men vêrmeldinga på yr.no spår regn til midt på dagen fredag og opphald utover ettermiddagen og kvelden. Dermed vil nok vassføringa i Toåa avta og etterkvart nå normal vassføring for årstida.

Fyrhushølen og snekkarfossen viser musklar. Foto. Jon Olav Ørsal

Solid elvaforbygging forbi Gammelfabrikken står nok i mot større utfordringar enn dette. Foto: Jon Olav Ørsal

Nedafor Brusetbrua – elva går opp til garasjen på Brustad, men foreløpig ingen fare. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 26. mai 2017, 09:39