Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårjamndøgn – dagen og natta er like lang over heile verda

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. mars 2014

I dag er det 20. mars og kalenderen fortel at det er vårjamndøgn. I dag er dagen og natta like lang over heile verda, og det kjem av at sola i dag står vinkelrett på jordaksen. Det nøyaktige tidspunktet var kl 16.57.  Dette skjer to gong i året, og det er altså når det er vårjamndøgn og når det er haustjamndøgn. Haustjamndøgn kjem i år 23. september.

I Wikipedia blir dette omtala slik: «Vårjamdøgn eller vårjamdøger er saman med haustjamdøgn dei døgna då natt og dag er like lange overalt på jorda. Etter vårjamdøgn vert dagane lengre og nettene kortare på den nordlege halvkula, der dagen ofte har markert byrjinga på våren.Vårjamdøgn kjem rundt 21. mars. Oftast fell vårjamdøgn på 21. mars som vert kalla det offisielle vårjamdøgn. Første påskedag er den første sundagen etter fullmånen som kjem etter 21. mars»

 

Publisert: 20. mars 2014, 21:27