Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårens «vakreste eventyr»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 30. april 2024

I går kom våren for fullt til Todalen med skikkeleg god temperatur. Dette visste måndagstrimmarane å utnytte, så ti spreke syklistar møtte opp for å vere med på sykkeltrimmen. Det heile starta frå Hallset bru og utover til Ansneset, oppover att på sørsida til hengebrua, over den og via Hallaneset ned att til Matkroken Todalen 

Vårens «vakraste eventyr» vart avslutta med blautkake og kaffe på Matkroken Todalen. Med andre ord ei skikkeleg og verdig feiring av at våren endeleg har kome og sykkeltrimmen er igang att! 

Først publisert: 30. april 2024, 05:00 - Sist oppdatert: 29. april 2024, 19:25