I går kom våren for fullt til Todalen med skikkeleg god temperatur. Dette visste måndagstrimmarane å utnytte, så ti spreke syklistar møtte opp for å vere med på sykkeltrimmen. Det heile starta frå Hallset bru og utover til Ansneset, oppover att på sørsida til hengebrua, over den og via Hallaneset ned att til Matkroken Todalen
Vårens «vakraste eventyr» vart avslutta med blautkake og kaffe på Matkroken Todalen. Med andre ord ei skikkeleg og verdig feiring av at våren endeleg har kome og sykkeltrimmen er igang att!