Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårdugnad på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. april 2014

Soknerådet og kyrkjeverja inviterer til vårdugna på kyrkjegarden måndag 28. april frå kl 18.00 og utover.  Med felles innsats ordnar vi opp på kyrkjegarden, og ryddar bort rusk og rask etter vinteren.  Ta med høveleg redskap som trillebår, spett, rive eller spade og kom og bli med offordrar ledar i soknerådet, Ildri S. Øyen. Sjølvsagt blir det dugnadskaffe.

Gravstaden og gravminne er festaren sitt ansvar. No er det ikkje alle som har høve til å gjera dette sjølv. Difor er det sett opp ein dugand om våren, for å rette opp gravminne og rydde bort kvistar, lauv og anna rusk. Alle er velkomne til ein triveleg dugnad.

Publisert: 24. april 2014, 13:30