Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårdugnad på Bordholmen og i aktivitetsrommet for ungdommen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. mai 2023

Torsdag 4. mai klokka 18:00 og laurdag 13. mai klokka 11:00, blir det vårdugnadar på Bordholmen. Det skal vaskast og ryddast inne i klubbhuset, og klargjere til montering av nyinnkjøpt kjølehjørne. Ein del av utstyret som i dag er på kjøkkenet må difor flyttast, så her trengst det muskelkraft til flyttearbeid! Bord og benkar skal takast ut frå reiskapshuset og det skal rakast og ryddast ute etter vinteren. 

Til ungdommen!

Det nedtekne klatrerommet i reidskapshuset på Bordholmen er planlagt omgjort til aktivitetsrom for ungdommane i bygda. Derfor oppfordrar idrettslaget ungdommane til å bli med på dugnad desse to dagane, for å rydde rommet, grunne vegger og tak og til slutt måle rommet. Dette arbeidet er nok ikkje ferdig på to dugnadskveldar, men viktig at ungdommane møter opp, slik at dei kan vere med å sette sitt preg på det ferdige resultatet. 

I Toåa tursti skal driftsgruppa og entreprenør ha synfaring torsdag kveld, for å sjå på skadane som er påført turstien av flaum og anna uvêr det siste halvåret. 

 

 

Publisert: 2. mai 2023, 14:39