Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårdugnad på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. april 2025

Onsdag kveld var det vårdugnad på Bordholmen stadion. Vêrgudane var ikkje i sitt beste humør, men dei varta i alle fall opp med opphaldsvêr bortimot under heile dugnaden, slik at dei ti som hadde møtt opp og var med på dugnaden slapp å bli gjennomvåte. 

På dugnaden vart ein skeiv lysstolpe retta opp og klubbhuskjøkkenet vart vaska. 

Elinor Bolme i full gang med å vaske på kjøkkenet. Foto: B G Ansnes

Elles vart sittebenkane ettersett og nokre av dei modifisert. Lengdegropa vart renska opp, slik at den er klar til lagseriestemne, der det første er planlagt i siste halvdel av mai. Her kjem det meir informasjon når tida nærmar seg!

Nils Ove og Knut fiksa lengdegropa, slik at den er klar til bruk. Foto: B G Ansnes

Det vart slått gras rundt om på anlegget, men klipping av fotballbanen vart utsett fordi det var litt for vått onsdag kveld. Elles vart det plukka litt søppel og rydda litt rundt om kring på anlegget. 

Den gamle bruskjølaren blir teken ut for å gje plass til to nye. Foto: Elinor Bolme

Den gamle bruskjølaren på kjøkkenet vart også skifta ut med to nye, samt at ein liten kjølar vart teken ut og vil få ny heim i klubbhuset til Surnadal golfklupp på Mo. Da står det berre att å få slått banen, så er anlegget klart til nye aktivitetar. 

Publisert: 30. april 2025, 19:37