Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vår vei ut. En fortelling om spiseforstyrrelse, skam og håp.

Dordi Jorunn Halle Måndag 27. november 2023

«Vår vei ut. En fortelling om spiseforstyrrelser, skam og håp.» Dette er tittelen på boka som lege og forfattar Kari Løvendahl Mogstad har skrive i lag med dottera Selma

Spiseforstyrrelsar er eit svært aktuelt tema som rammar stadig fleire, – folk i alle aldrar og angår svært mange av  oss. Det er eit vanskeleg, men viktig tema å snakke om. Boka handlar om tida da Selma var sjuk, og om prosessen fram til ho vart frisk; ein prosess som rammar både den sjuke og heile familien.

Todalen sanitetsforening inviterer til treff med Kari og Selma i Todalen ungdomshus torsdag 30. november kl. 18:00.

Først blir det eit kort foredrag om spiseforstyrrelsar ved Kari L. Mogstad. Deretter vil Kari og Selma snakke om boka og dele erfaringane sine gjennom denne vanskelege sjukdommen. Dei ønsker å gi trøst og håp og vise at det går an å bli frisk. Det kan altså gå bra!

Kari og Selma har reist land og strand rundt med historia si og delt erfaringane sine. Dei har fått mange gode lovord for at dei har sett fokus på dette vanskelege temaet, og for at dei har vore så opne og ærlege om eit tema som framleis er tabulagt.

Møtet er ope for alle, og Sanitetsforeninga håpar at barn, unge og vaksne tek turen til ungdomshuset siste dagen i november.

Sanitetsforeninga serverer drikke og frukt. Fri inngang.

VELKOMNE!

 

 

 

 

 

 

Publisert: 27. november 2023, 12:30