Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vår i lufta…..

Dordi Jorunn Halle Fredag 13. mars 2015

Med sol frå skyfri himmel og temperatur på godt over ti grader, er det fint med ein tur ut for å sjå etter vårteikn. I blomsterhagane finn vi no både julerose, blåveis, snøklokker og krokus. Humler og bier summar rundt. Kvitsymre og hestehov har ikkje dukka fram enno, men hasselen blomstrar.

Hassel med natavon og raklar. Foto: Dordi Jorunn Halle

Hassel har både hannblomster og hoblomster , og dei bur i lag på same tre. Hoblomsteren er liten og raud og blir kalla natavon, medan hannblomsteren er lange, hengande raklar. Her er nokre bilete frå dagens runde.

Snøklokker DJH

For snøklokkene er sesongen snart over! Foto: Dordi Jorunn Halle

Blåveis

Blåveisen er nok ein litt sjeldnare blomster. Foto: Dordi Jorunn Halle

Julerose DJH

Julerose i full blomstring. Foto: Dordi Jorunn Halle

Insekta er alt i farten

Insekta er alt i farten – her er det krokusen som har fått besøk. Foto: Dordi Jorunn Halle

 

Publisert: 13. mars 2015, 23:00