Onsdag kunne Anders Larsen kalle inn pressen for å presentere årets program. Vårsøghelga 2024 kjem i år til å gå over 5 dagar i staden for 4 dagar som tidlegare. Anders Larsen, som er dagleg leiar i Vårsøghelga, er snar til å forklare at det er ikkje ekspansjon i programmengden, men det blir litt betre tid til å gjennomføre det programmet ein har.
Anders er godt nøgd med planlegginga av Vårsøghelga, og konstaterer at det er aukande interesse både her heime, og ute i den store verda. Og det er bra både for Vårsøghelga, og for hotell og butikkar i dalføret – det er med og skaper vekst i Surnadal.
Som sagt så startar Vårsøghelga onsdag 22. mai, og startar med minneutstilling med kunst av Lars Gjøra, og boksøg med Tommy Fossum. Vidare går det slag i slag, og rundar av med Trondheimsolistane med «Dei 4 årstider» søndag kveld 26. mai kl 19:00. I mellomtida er det fullt program kvar dag, og sjølvsagt er det Kleivakvelden som er hovudattraksjonen med Bjarne Brøndbo som det store trekkplasteret – det skjer laurdag kl 18. For Kleivakvelden blir det i år teke eit vêrforbehald – difor blir det i første omgang lagt ut 300 billettar og planlagt ut frå Storstua. Når tida nærmar seg vil ein vurdere vêret og mulegheita for å arrangere Kleivakvelden på Kleiva og legg i så fall ut 500 billettar ekstra.
Søndag blir det planlagt å feire to hundreårsjubileum – nemleg Edvard Fliflet Bræin og i tillegg ville Alf Ramsøy vorte hundre år i år. Desse programpostane er ikkje ferdig planlagt enno, og slik er det med resten av programmet også – det kan enno bli ein del endringar. Heilt sikkert er det at det det breie lag i Surnadalskulturen blir engasjert i samband med Vårsøghelga – vi føler oss også temmeseg sikre på at alle vil finne noko som interesserer i årets program, seier Anders Larsen til slutt.
Heile programmet for Vårsøghelga 2024 så langt det er kome kan lastes ned her som PDF-dokument. Her kan du kjøpe billetter til Vårsøghelga 2024