Vi har tidlegare skrive om at det går føre seg skogsdrift i Bjørålia og utover mot Korslia. Dette berører turstien som er merka frå Storhaaugen og ned mot Liatur/Brusetnesset. Medan arbeidet har pågått har det vore mykje nedbør, og det har gjort at det er på det næraste uframkommeleg etter stien, fortel Jon Bruset. Han har sendt oss eit par bilder som viser at det er både mykje kvist og blauthol der den merka stien går.
Jon rår til at den som har tenkt seg til Storhaugen startar enten frå Bjørli og går oppover den gamle skogsvegen. Da kjem til Skarsmyra og kan gå vidare utover til trimposten på Storhaugen. Elles kan du sjølvsagt starte frå Bruset/Todalshytta og gå etter skogsvegen og så ta av til Storhaugen etter stien, slik at du kjem til trimposten på Storhaugen derifrå.
Det er altså berre den merka stien frå Storhaugen og ned til Liatun/Brusetnesset som er berørt av skogsdrifta i Bjørålia!