Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vannskade på vegen ved inner Drivå

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. juli 2023

Måndag viste vi i ein reportasje om store vannmengder ved inner Drivå.  I dag fikk vi eit tips om at det har gått litt hardt for seg, slik at vegen er delvis undergravd på vegkanten mot kulverten som skal ta unna alt vatnet frå Drivå.

Store vannmasser har gravd ut vegkanten attmed kulverten ved inner Drivå. Foto Håvard Halset

Det er nok ikkje nokon umiddelbar fare, men det bør vel merkast slik at syklistar og billistar kan styre unna.  – Vegsentralen er varsla om «tildragensen» har vi fått beskjed om, så da dukkar det vel opp folk frå Veidekke etter kvart?

Staden bør nok merkast slik at ikkje syklistar kjører ned i holet. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. juli 2023, 14:35