Todalen.no har fått det første livsteiknet frå Ekebergsletta og Norway Cup. Knut Haugen melder om ein bra opningskamp, og at det vart siger i kampen mellom Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen – Geilo. Sluttresultatet for kampen vart 2-0, der Bjørnar Melkild sørga for begge scoringane. Vi får fleire detaljar og bilde seinare i dag.
Neste kamp er mot det østerrikske regionlaget Inneres Ennstal Gaflenz måndag 2. august kl 16:30.