Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vangsgutane held koken

Jon Olav Ørsal Fredag 18. desember 2015

Aldri har det vel vore så mange julehefte i handelen, men Vangsgutane held koken og kan framleis vise til bra salstal. – Det er faktisk ingen som truar Pondus skal vi tru meldinga på NRK Text-TV, men hakk i hel med Pondus kjem 91 Stomperud, tett følgt av nykomaren Julerosa. På dei neste plassane kjem Knott og tott og så Vangsgutane på 5.-plassen.

Vangsgutane 2015_framsia

Framsia på Vangsgutane – årgang 2015

Vangsgutane blei først presentert i Nynorsk Vekeblad nummer 17 som kom ut 6. november 1940. Serien heldt fram i vekebladet til 1954. Allereie i 1941 kom serien ut som julehefte, og har gjort sidan med unnatak av åra 1944, 1946 og 1963. Det siste nyskrivne heftet kom ut til jula 1981. I 1953 og 1983 kom serien òg som sommarhefte. Frå 1983 har Fonna Forlag gjeve ut julehefta som opptrykk av tidlegare seriar. Frå 2002 har teikningane vore fargelagde. I juleheftet for 2011 kom den første nye forteljinga om Vangsgutane på 30 år. Sverre Årnes stod for teksten og Ivan Andreassen var teiknar, skriv Wikipedia om Vangsgutane.  Imidlertid er det Nils Nordberg som har skreve årets nye del av Vangsgutane.

 

Først publisert: 18. desember 2015, 23:17 - Sist oppdatert: 19. desember 2015, 00:18