Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vangsgutane er på plass i butikkhyllene

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. desember 2024

Vangsgutanes julehefte er forlengst komne på plass i bladhyllene på Matkroken, sjølv om Handelsmann Nordvik er «sjeldan vare» i dag. Årets julehefte byr på 30 sider med underhaldning – ein ny del som sjølvagt held på tradisjonane med handling frå Todalen – og ein «gammel» del med handling frå 1957 der Vangsgutane dreg på tur til Hommelvika. 

Kåre blir med eit band til Trudvang som vegvisar – men det blir meir forviklingar… Illustrasjon Fonna Forlag

Årets hefte har altså handling frå Todalen, og her møter vi sjølvsag både Kåre, Stein, Sterk-Ola, Sigrid Vangen og ikkje minst Handelsmann Nordvik.  Denne gongen er det Kåre som viklar seg inn i ei historie og blir med eit band til Surnadal og konsert i Trudvang.  Det blir etter kvart mykje forviklingar og avlyst konsert.  I løpet av turen er dei innom Svinviks arboret og hamnar til slutt heime på Vangen, der det etter kvart blir full rockekonsert. 

Tils slutt blir det rockekonsert heime på Vangen – innustrasjon Fonna Forlag

Vangsgutane får du kjøpt på Matkroken Todalen og mange andre plassar som har bladsal – og heile moroa kostar kr 89, og det er det jammen verdt!

Publisert: 3. desember 2024, 13:19