2023-utgåva av Vangsgutane er forlengst i sal – både hos Matkroken i Todalen og i andre butikkar rundt omkring. I hovudrolla er sjølvsagt Steinar, Kåre og Larris, og handlinga er sjølvsagt frå Todalen. Larris driv som vanleg med på nye krumspring – mellom anna er handlinga innom fabrikken, der han kanskje gjer mest ugagn.
Årets utgåvae har to avdelingar, der 16 av 32 sidene er nylaga stoff, der redaktør Kjartan Helleve i Fonna Forlag fortel og Ivan Andreassen teikna. Den gamle delen har 11 sider, og her får vi gjensyn med Vangsgutane på Oslotur, der dei mellom anna er innom Kontiki-museet. Her hentar dei inspirasjon til å byggje sin utgåve av Kontiki-flåten og til å dra ut på tur. Her kan du lese korleis det gikk. I den gamle delen er det Leif Halse som fortel og Jens R. Nilssen som teiknar.
Spennande og tradisjonsrikt julestoff som du no kan kjøpe – i tillegg til Vangsgutane er Fonna Forlag også utgjevar av juleheftet «ingeniør Knut Berg». Spennande lektyre for ein og kvar, og som finn på mykje rart.