Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vangsgutane er komne i butikken

Vangsgutane er komne i butikken

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. november 2009

Eit sikkert teikn på at jula kryp innpå oss er Vangsgutane for 2009 som er kome i salg. Nytt hefte med 36 sider stoff frå Todalen får du kjøpt for kr 42 på ICA Todalen.
I årets nummer opplever vi Vangsgutane sammen med Tarald Turist i Trollheimen, flaum i Storelva og litt tå kvart anna.
Frå neste år kjem Vangsgutane med ny forfattar og ny teiknar. Det er allerede klart at Arild Hoksnes blir forfattar, med teiknaren enno ikkje er klar.
Da blir også Vangsgutane modernisert litt, der mellom anna Rannei kjem til Vangen og Larris vil spele ei meir framtredande rolle.
Men først får vi kose oss med årets nummer av Vangsgutane som er utdrag frå Vangsgutane-hefta i 1947 og 1948.

Publisert: 10. november 2009, 19:47