Søndag fikk vi nærast uventa besøk i redaksjonen! Det var frå Fonna Forlag – redaktør og majoritetseigar Kjartan Helleve som stakk innom. Han hadde ærend i området, og kom på at han skulle stikke innom og sjå seg litt rundt i Todalen når han først var på disse traktane.
Han fortalte at han at han hadde god kjennskap til Vangsgutane og da han fikk tilbud om å «kjøpe seg opp», så gjorde han det, og eig i dag rundt 70% av aksjane i Fonna Forlag LL (LL står for lutlag eller aksjelag om du vil.) Resten av aksjane er det eit hundretal småaksjonærar som eig. Vangsgutane lever vidare i beste velgåande som julehefte, og det er faktisk trykt i eit opplag på rundt 40.000 eksemplarer kvart år, fortalte Helleve. Han seier at Vangsgutane er ein institusjon i mange miljø, og han opplever at folk gler seg på at nytt nummer skal kome.
Helleve røpa da også at Larris & Co har funne på nokre sprell i år også, og produksjonen av juleheftet er godt i gang – det gjeld å starte i tide for det er bådemykje skriving og mykje teikning for å få det bra. Han lova at vi skal få ein liten «lekkasje» når det nærmar seg tida for å starte salet av julehefta.
Todalsturen denne gongen rekna Helleve nærast som ei lita pilgrimsferd. Han er sjølvsagt oppteken av korleis Vangsgutane, Larris og resten av gjengen er, og korleis dei lever i bygdemiljøet. Men samtidi er han oppteken av at serien ikkje skal bli så alt for lett å identifisere. Vi tok ein rask runde rundt bygda for å bli litt kjent, og det art da litt gjenhør om namn og plassar som har vore. Triveleg å treffe Kjartan Helleve og vi kjem nok til å høyre meir frå Fonna Forlag etter kvart. I første omgang gler vi oss til neste nummer av Vangsgutan som kjem om eit par månader.