Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vandrefestival med basecamp på Kårvatn

Vandrefestival med basecamp på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. juni 2010

I dag presenterte Norsk Vandrefestilval sin nye nettside www.norskvandrefestival.no  for første gong. Vandrefestivalen skal ha Basecamp på Kårvatn, men det vil bli arrangement i regi av Norsk Vandrefestival både i Surnadal, Rindal og Halsa. I programmet som presenteres på nettsia er noke for ein kvar smak, både turar og mykje anna som du kan ta del i.

Kristin Krohn Devold er eit av dei store trekkplastra, da ho skal opne festivalen ved Nauståfossen på Kårvatn og programmet fortsett der med Vandrekonferanse der både Kristin Krohn Devold, Rune Gjeldnes, Nils Røv, Gudmund Kårvatn og mange fleire vil delta. I det heiletatt er det eit imponerande program som er sett opp i løpet av dei seks dagane det varer.

I Todalen vil det som sagt være Basecamp der Rune Gjeldes og Gudmund Kårvatn vil bidra, men det står også livsnytelse og piknik i Svinviks arboret. Tur over Skjerdingfjellet står også på programmet og Tindranglingskurs og tur til Snota med Trollheimen Mountainering.

Les meir om dette på nettsida til Norsk Vandrefestival og på nettsida til Kårvatn, Fjellgarden i Trollheimen.

På Todalen.no vil vi også kome med meir stoff om vandrefestivalen etter kvart.

Publisert: 1. juni 2010, 01:05