Et tjuetalls todalingar var møtt fram i undomshuset for å høre kva Tunheim og Mogstad hadde på programmet. Etter ei grundig innføring i opplegget og det planlagte programmet, hadde Gudmund Kårvatn og Nils Ove Bruset kvart sitt innlegg og orienterte om kontaktane som har vore tidlegare. Det er aktuelt å få med både Todalen I.L. og Saniteten og kanskje anna lag og organisasjonar på arrangementet.
På møtet vart det sett ned eit arbeidsutvalg som skal vurdere kva todalingane kan bidra med etter nærare avtale med Norsk vandrefestival. Med i dette utvalget er Gudmund Kårvatn, Ole Petter Talgø, Jo Gjeldnes, Sondre Halset, Kristen Bruset, Toril Redalen, Jorunn Nordvik og i tillegg vil Todalen sanitetsforening være delaktig.
Etter påske vil vandrefestivalens nettside bli etablert, og da vil ein også presentere meir detaljar rundt programmet sor Norsk Vandrefestival. Som kjent skal deler av programmet gå føre seg i dei tre kommunane Halsa, Rindal og Surnadal.