Søndag 9. mars klokka 19:00 kjem Vamp til Storstuå og Surnadal Kulturhus for å halde konsert. Ja, det er lenge til, men vil ein sikre seg billett til denne konserten, så er det nok lurt å vere tidleg ute, og kanskje kan det vere eit godt julegåvetips også?
Vamp som består av Øyvind Staveland (fele, fløyter, vokal, bratsj og trekkspel), Odin Staveland (trommer, vokal, piano, perkusjon og trekkspel), Jan Toft (vokal og gitar), Lars Eirik Støle (orgel, piano, synther, trekkspel og kor) og Kjetil Dalland (bass og kor), har utviklet eit heilt spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har gått rett inn i den norske folkesjela.
Hundrevis av songar om det å vere menneske, om kjærleik og sorg, myter og skrømt, erlegheit og svik, døden og livet, og ikkje minst havet.
Dei har eksistert og levert i godt og vel tre tiår og går i 2025 inn i sitt kanskje mest spennende år av dei alle. For i tillegg til å turnere på eiga hand, skal dei også ut på ein ny runde med «Vamp i full symfoni» saman med dei største symfoniorkestra i landet.
Og neste haust skal det spelast teater basert Vamp sitt låtunivers, der dei sjølv medverkar saman med skodespelarane.
Vamp har gjeve ut atten album og seld plater i bøtter og spann. Katalogen er full av kjente og kjære songer som dei framfører på konsertane sine. Det er difor duka for ei heilt spesiell konsertoppleving når Vamp kjem til Storstuå og Surnadal kulturhus.
Billettar til konserten med Vamp kan ein kjøpe her