Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Valresultatet er klart – det blir skifte i Surnadal?

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. september 2015

Resultatet fra kommunevalet i Surnadal var klart alt før midnatt, og viser at det ligg an «regjeringsskifte». Valets vinnarar vart Senterpartiet, Høgre og Miljøpartiet DG som alle kapra eit nytt mandag, medan Arbeidarpartiet, Sosialististk venstreparti og Framstegspartiet tapte eit mandat kvar.

Etter at oppteljinga er ferdig og siste oppdatering i natt kl 02.32 ser stemmetala, samanlikninga med siste kommuneval og mandatfordelinga slik ut:

valgresultat_Surnadal

Siste oppdaterte valresultat på NRK Text-TV kl 02.32.

Valgresultatet viser at AP har ein tilbakegang på 4,8 og mistar ein mandag, medan SP har ein framgang på heile 5,7 % og tek ein ny mandat. Det var heller ikkje uventa at det nye partiet MDG at tok ein mandat og at SV mista sitt eine mandat. H tok sitt nye 3.-mandat på bekostning av FRP som sitt att med eit mandat. Det er enno ikkje klart kven som har fått flest personstemmer og dermed plass i det nye kommunestyret for perioden 2015-2019.

Valdeltakinga i Surnadal kommune var denne gongen på 61,8% – tradisjonelt har det vore stor forskjell på valdeltakinga i krinsane, der sentrum har lågast deltaking. I Todalen krins var det denne gongen rundt 75% av dei røysteføre som deltok. Les også kva tk.no og Driva.no skriv om valet i Surnadal.

Siste: Det nye kommunestyret ser slik ut – utan ein einaste todaling:

Det nye kommunestyret i Surnadal ser slik ut for perioden 2015- 2019:

AP: Lilly Gunn Nyheim, Helge Røv, Jon Nordvik, Rita H. Aarnes, Oddny Hoem, Ida A. Heggset, Odd Asbjørn Bævre, Audun Moen Skei, Jonny Melkild, Rakel Polden, Egil Nedal og Jo Forslund.
SP: Margrethe Svinvik, Lise M. Bjerknesli, Nils Håvar Øyås, Ingebrigt G. Moen, Einar Grønnes, Bernt Venås, Tove Mogstad, Sondre Ormset, Gunhild B. Bøe.
MPG: Eli Vullum Kvande.
KRF: Mali H. Settem.
FRP: Nils Petter Tonning.
H: Marit Langli, Tor Rune Halset og Katrine Mauset.

I Todalen har valkampen skapa eit stort engasjement om skulen. Dette har engasjert folk på tvers av partilinjene og prega dei politiske debattane av både formell og uformell karakter. Dette har også engasjert skuleborna som på sin måte har delteke i valkampen for å berge skulen sin.

nokre av skuleborna har laga sin eigen valkamplakat som dei har sett opp på postkassestativa rundt bygda.

Nokre av skuleborna har laga sin eigen valkamplakat som dei har sett opp på postkassestativa rundt bygda.

 

 

Først publisert: 15. september 2015, 10:01 - Sist oppdatert: 16. september 2015, 11:11