Nei, vi trur ikkje det var presidentvalget i USA som samla fullt hus i Kaffekroken i dag. Derimot passa det faktisk veldig bra at den nye Merkur-konsulenten kom på besøk til Matkroken Todalen i dag, slik at det var skikkeleg dokumentert kor stor betydning kaffekroken har for det sosiale behov – og behovet for å treffast, rett og slett.
Eit av argumenta for for å gje tilskot til butikkdrift i grisgrente strø er at butikken er ei samlingspunkt. Den nye Merkurkonsulenten heiter Ingrid Langklopp, og vi reknar med at ho kjem til å bli kjent med både matkroken Todalen, Todalen.no og ikkje meinst Todalingane etter kvart.