Valg var det på alle kantar på og rundt Todalen skule i dag. I alle dei tre valglokala rundt om meldte dei om særledes godt oppmøte. Og i det fine haustveret som var hadde like så godt det avtroppande PT-utvalget sett seg ute på plena med sine stemmesedlar. Så her var det nok ikkje mange som ikkje stemte fordi dei ikkje var synlege i allefall.
Jorid Haugen Ansnes og Ruth Hilde Kvande ved Plan- og Tiltalsutvalget sitt «valglokale».
Inne i Gammelskulen held Terje Nordvik og Borghild B Talgø fortet og losa velgarane gjennom både lokalt soknerådsvalg og bispedømmevalg på fylkesplan.
I biblioteket på skulen satt Kari Kvendset og Nils Øyen ved valgurnene for kommune- og fylkestingvalget.
Medan listekandidat Dan Roger Pedersen held styr på manntalet.