Denne laurdagen var det Senterpartiet som dreiv valgkamp utafor ICA Todalen. Det var dei tre listekandidatane frå Todalen, forsterka med ordførarkandidat Bernt Venås og kandidatane Margrete Svinvik og Janne Husby Haugen. I kjølvatnet av tunnelmøtet sist onsdag var det nok naturleg at tunnelspørsmålet var eit heitt tema. Venås sa at Senterpartiet går for å jobbe vidare med trollheimstunnelen, men uttrykte også at det var takhøgde i partien for egne meiningar i den saken.
Ei anna aktuell sak var eldreboligar/omsorgsboiligar både i Todalen og andre grender i kommunen. Her har ikkje Senterpartiet teke endeleg standpunkt enno. Venås ga uttrykk for at partiet ville la dei eldre bestemme sjølv kor dei ville busette seg i alderdommen. Derfor vil dei gjere ei spørreundersøking for å skaffe info om behov og ønskjer, slik at kommunen kan førebu seg på den komane eldrebølgen på skikkeleg vis.
På Skei var det også stor valgkampaktivitet laurdag. Ved inngangen til Domus var «Team Mons» på plass og delte ut raude roser, medan Senterpartiet, SV, Fremskrittspartien og Høgre var etablert i Amfi-senteret. Valgkampen går no inn i siste veke, og måndag 12. september vert nok den avgjerande dagen for denne maktkampen. Da kan og bør du gjere di plikt og gi di stemme, slik at du kan påvirke utviklinga dei neste 4 åra.
Dersom du ikkje har høve til å stemme på valgdagen, kan du fortsatt førehandsstemme på Sørviskontoret på kommunehuset fram til 9. september (kl. 08.00 – 15.30. Du kan og lese meir om valget på heimesida til Surnadal kommune.