Da er den store valdagen komen, og ved skulen var det stor aktivitet alt frå stemmelokala opna klokka 12.00. I alt er det fem ulike val – da gjeld å halde tunga beint i munnen.
PT-val:
Utanfor porten er det tøffaste vallokalet – «Vømmelbua» til Lars Kvendset. Her er det val til nytt PT-utval for dei neste fire åra.

Her er det val til nytt PT-utval. Lars Kvendet og Jorunn Nordvik frå det avtroppande PT-utvalet organiserer dette valet. Dei har fått selskap av ordførar og rådmann som er på ein runde for å besøke alle dei seks stemmelokala i kommunen. Frå venstre: Lars Kvendset, Jorunn Nordvik, Jon Husby, Lilly Gunn Nyheim, Ola Haugen Ansnes, Ståle Ansnes, Knut Haugen. Foto: D.J.H.
Kandidatane på lista til nytt PT-utval er:
Bohle, Carsten
Bruset, Jostein
Bruset, Ola
Gjeldnes, Jo
Gjeldnes, Torill
Hals, Johan Todalshaug
Halset, Håvard
Kvendset, Laila
Kvendset, Olaug
Moe, Jens OLav
Myrvang, Ingeborg
Nordvik, Terje
Skjerve, Siri
Talgø, Anders
Talgø, Torill
Ulvund, Thea Saksen
Øyen, Mads Marius
Her skal ein stemme på totalt sju personar.
Val til kommunestyre og fylkesting:

Leiar i stemmestyret for Todalen krins er Jon Olav Ørsal. Her får han hjelp av Elinor Bolme til å sørge for at valet går rett føre seg. Foto:D.J.H

Karin Helen Halle og Dan Roger Pedersen kryssar av i manntalet og passar på stemmesetlane kjem på plass i urna. DFoto: D.J.H
Biblioteket er stemmelokale for val til nytt kommunestyre og fylkesting. Jon Olav Ørsal er leiar for stemmestyret for Todalen krins, Karin Helen Halle er nestleiar og øvrige medlemer er Dan Roger Pedersen og Elinor Bolme. Stemmestyret hadde god kontroll og sørga for valet går rett føre seg.
Val av sokneråd og bispedømmeråd

Her er det val til sokneråd og bispedømmeråd.Knut Halset og Ildri Sjøland Øyen er valfunksjonerar, medan Anders Halset skal stemme.Foto:D.J.H
I gymsalen er det val til dei kyrkjelege organa: sokneråd og bispedømmeråd. Her var det reperesentantar frå novernde sokneråd som styrer valet, nelmeg Ildri Sjøland Øyen og Knut Halset.
Alle stemmelokala er opne til klokka 20.00 i kveld.