Måndag 14. september skal vi gjera fleire val. Det er nok kommunevalet og fylkestingvalet som har fått størst fokus, men vi har også kyrkjeval og i Todalen skal vi velge nytt PT-utval. Alle vala kjem til å gå føre seg i skuleområdet ved Todalen skule. Kommune- og fylkestingvalet blir i biblioteket på skulen, medan kyrkjevalet vil gå føre seg i gammelskulen og val av PT-utval blir i Vømmølbua til Lars Kvendset som vil bli plasser utafor skuleporten. Alle sammen er viktige val, – men mest lokalt blir nok valet av nytt PT-utval (eller grendeutval om du heller vil).
Representantar frå det sittande PT-utvalet kjem til å stå «på stand» med stemmelister utafor skuleporten, på valgdagen 14.september, og oppfordrer alle til å stemme fram nye medlemar for den neste 4-årsperioden.
Plan- og tiltaksutvalet, eller PT-utvalet, skal være et slags talerør inn mot politikarane og administrasjonen i kommunen. Dette kan for eksempel være å kome med uttaler i samband med saker som er ute på såkala høringar. Det kan f.eks være namn på vegar etc. PT-utvalet er ikkje politisk og skal ikkje drive med bygging og drift av anlegg.
Viktig er det i allfall at du gir di stemme til dei kandidatane du meiner skal fortsette denne jobben!