Neste veke vil Surnadal AP presentere partiet liste til kommunevalet neste år, men alt i dag presenterte partiet forslag til listetoppar. Ved valet i 2023 blir Annett Ranes ordførarkandidat og Helge Røv blir varaordførarkandidat – akkurat som for 4 år sia. Det var Odd Arild Sande, som er leiar i nominasjonskomiteen, som presenterte nominasjonskomiteens ordførarkandidatar for den lokale pressa i dag. Han fortalte at dei starta jobben alt i mai og har lagt ned mykje arbeid for å finne kandidatar til partiets liste ved kommunevalet i 2023.
Listeforslaget skal først presenterast for medlemane tysdag i neste veke, og så til pressa etterpå. Om enda ei veke, tysdag den 29. skal lista få si endelege godkjenning. – Sande fortel at dei har fått til eit breitt samansett listeforslag, der heil 13 av dei 27 kandidatane er damer. Det er også stor spreiing i både alder og erfaring – der gjennomsnittsalderen er på 44,7 år – og det er også stor spreiing geografisk. Spesielt er Sande stolt av at 3 AUF-kandidatar er komne med på lista. Han poengterer at det er berre dei to ordførarkandidatane som står på toppen av lista – resten av kandidatane er sett opp alfabetisk. Dermed er det veljarane som får jobben med å prioritere dei resterande plassane og stemme inn sine kandidatar.
Annett Ranes ga klart uttrykk for at ho er villig til å ta jobben, og har tru på sosialdemokratiet og det som AP står for. Ho ga uttrykk for at ho har grei forståing av dei forskjellige rollane og klarer godt å skilje mellom arbeidstakar- og leiarrolla med sin kompetanse.Helge Røv meinte at det var viktig at dei heile tida jobba for kommunens beste – ei av dei viktige sakene i neste periode vil bli Todalsfjordprosjektet. Han meinte det var viktig av dei som står på lista må halde stø kurs her, og ikkje fråvike den saka.
Elles vil det bli mange viktige saker i neste periode – sjølvsagt vil kommuneøkonomien spela ei viktig rolle her – til beste for innbyggjarane. Elles vil ny sentrumsplan stå på lista og understreka kor viktig det er å få struktur på den «bymessige» del av sentrum.Andre viktige saker er sjølvsagt utvikling av ny næringsplan, der Røtet blir utvikla vidare. Elles kjem nok miljø og klima på dagsorden – og ikkje minst den norske sjølvforsyningsgraden som kan være kritisk i ein krisesituasjon. Sikkert er det iallfall at det blir nok av saker å ta fatt på.