Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vaksne og eldre skal også sveitte!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 15. august 2018

OPPDATERT

Todalen sanitetsforening inviterer til ope møte i Todalen sanitetshus torsdag 23. august kl. 18.30. Tema for møtet er trening og trim for vaksne og eldre, og kor viktig dette er for å bevare ei god helse etter kvart som ein blir eldre. Fysioterapeut Ingrid Kvendset Hagen vil orientere om temaet og vise øvingar som har god effekt for helsa vår.

Ingrid Kvendset Hagen er spesialist når det gjeld dette temaet. I foredraget sitt vil ho snakke om dette:

  • Kva skjer med kroppen når han blir eldre, og kva konsekvensar dette kan ha for dagleglivet.
  • Inaktivitet blir ofte omtala som ei av dei største helseutfordringane både nasjonalt og på verdsbasis, og mykje tyder på at ein blir meir inaktiv etter kvart som ein blir eldre. Det er ikkje godt for helsa.
  • Viktig: Det er aldri for seint å starte med trening! Og for mange eldre vil helsegevinsten vere større enn for yngre!
  • Kvifor skal ein halde seg aktiv som vaksen og eldre?
  • Kva er den beste treninga?

Ingrid vil også gjennomgå øvingar som det er bevist har best effekt for god helse hos ei aldrande befolkning.

Aldringa av kroppen startar tidleg – mykje tidlegare enn ein trur – og om ein føler seg for ung til å vere direkte i målgruppa, så kan det vere tips å hente for alle for å ta godt vare på kroppen sin. Og ikkje minst så har dei fleste familie som kan trenge å få litt hjelp til trim og trening. Sjølv om det er Saniteten som er arrangør, så er dette eit viktig tema både for menn og kvinner!

Det blir servert kveldsmat, og det er utlodding med mange gevinstar.

ALLE ER VELKOMNE TIL EIN INTERESSANT OG NYTTIG TEMAKVELD!

Ingrid Kvendset Hagen og Nils Erik Ulset deltok for eit par år sidan på eit møte i Ungdomshuset der temaet var trening og helse. Foto: Jon Olav Ørsal.

Mellom dei mange gevinstane er trimutstyr frå Kløverturgruppa. Foto: Dordi J H

 

 

Først publisert: 15. august 2018, 08:00 - Sist oppdatert: 26. august 2018, 09:58