Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vakker helgemessedag

Bernt I Bøe Måndag 5. november 2018

Helgemessedagen – Allehelgens – vart feira søndag.  I Stangvik, Todalen og Åsskard gjorde sokneprest Kristin Strand teneste.

I Stangvik var det barnedåp – i tillegg til dagens liturgi som omfattar minnestund for dei som har gått bort siste året. Kantor Hedda Hansen Berg og sopransolist Sigrid Vetleseter Bøe la musikalsk ramme om høgtida.

I Todalen og Åsskard deltok koret Prosjekt 17 – med musikk av Wesley og Mendelssohn forutan korsatsar til fleire av salmene. Konfirmantar og koristar hadde også roller i minnesekvensen med lystenning.

 

Ei fin oppleving var bruken av lysgloben – der kyrkjelyden kan tenne lys som symbolhandling for minne og andakt.

Dagen er prega av vemod og håp. – Vi tenner lys for dei vi saknar, men som lever vidare i vår og Guds erindring, sa sokneprest Kristin Strand. Fulltonande Deilig er jorden avslutta alle dei tre nemnte allehelgensmessene.

 

Publisert: 5. november 2018, 22:08