Start 4H arrangerte våkennatt i ungdomshuset den 29.mars. Frivillige foreldre kom med pizza som skulle mette ca.25 oppmøtte ungdommar. Frukt blei også servert på deltakarane utover kvelden, og det meinte mange var eit friskt pust innimellom all godterietinga. Meste av tida gjekk på å spele data, men det var også aktivitetar med brettspel og kortspel.
Det kom mykje folk når vi åpna dørene kl.18.00, men mange dro heim på kvelden for å sove. Likevel var det ca.10 igjen som var der hele natta. Dei fleste kom tilbake om morgonen og spelte til 13.00, da vi avslutta. Og styret i Start 4H vil spesielt rette en stor takk til Svorka som ordna internett og lånte nettverkskablar til oss.