For første gong arrangerte Trondheim Randoneeklubb NM og NorgesCup. Laurdag var det NM i distansen Vertikal, som enkelt og greit består i å kome seg raskast til topps. Dette lokka mange også frå andre kondisjonsidrettar. Verdt å nevne at nokre av verdas beste fjelløparar stilte til start, slik som Jonathan Albon, Henriette Albon og Johan Bugge ( som vann NM tittelen).
Fleire sterke navn frå langrenn også som Petter Engdahl og Morten Antonsen. For Trollheimen Fjellsportsklubb stilte Isak Drøpping, Aron Rodal Haugen, Erik Kårvatn, Steinar Aarvåg og Håkon Ishoel. Godt spenn i alle klassar til start! For Isak og Aron var dette debut for randoneekonkurransar – og det gjekk riktig godt!
Søndag var det Norgescup i Individuell, som er den klassiske øvelsen innan Randonee. Her er det mykje opp og ned, skiftesoner med ski på sekk, feller av, renn ned, feller på og gå opp, gjerne 3.4 rundar. Totalt sett veldig bra deltagelse heile helga, trass vêr og føre – og ikkje mist gode «lokale» resultat.
Vi har fått mange bilder frå konkurransen i Vassfjellet, og har laga eit stor bildegalleri – alle foto Gudmund Kårvatn: