Den siste tida har det vore eit par dagar med uvanleg temperatur for november. Det har faktisk vore nemnt temperaturar heil opp mot 19-talet. Jon Bruset har sett på arkivet sitt, der han har registreringar heilt frå 1990. tatt en sjekk på høge temperaturer i november sia 1990. Onsdag registrerte han 16,8 grader som maksimumstemperatur, men det holdt ikkje til «pallplass» ein gong. Rekorden frå perioden 1990 – 2012 vart sett 6. november 2003, da det vart registrert 20,8 varmegrader.
Elles er det i perioden registrert 18,7 grader den 1. november 2005 og 17,2 grader den 1. november. Slutten av november 2011 var også varm med + 16,4 grader den 29. og + 15,8 grader den 30. November 2010 var derimot veldig kald med 25 døgn med frost. Flest varme døgn var det i år 2000 med 21 døgn over + 10 eller meir. Fredag var det igjen temperaturar opp i 15-talet, medan det i skrivande stund laurdag føremiddag er kuldegrader igjen så vidt det er.
Langtidsvarslet på yr.no lovar sørleg vindretning og varmegrader dei første dagane, men lågare temperaturar mot slutten av veka.