Torsdag arrangerte Surnadal Sparebank årets næringslivsdag med konferanse i Surnadal kulturhus. Der nytta banksjef Allan Troelsen høvet til å dele ut Surnadal Sparebanks utviklingspris på kr 25.000. Den gikk i år til Surnadal Bygdeungdomslag, for framifrå marknadsføring av heimbygda. Han framheva spesielt arbeidet med landsstemnet i 2006 og fylkesstemnet i 2011, der Surnadal Bygdeungdomslag stod som arrangør. Karin Åsbø og Britt M. Rørseth tok i mot prisen på vegne av Surnadal Bygdeungdomslag.
Årets Næringslivsdag samla eit par hundre tilhørarar i kulturhuset, og det var eit variert program med mange gode foredrag. Konsernsjef Terje Talgø var først ute med eit interessant foredrag om Talgø-konsernets historie som starta så langt attende som i 1899. Terje er fjerde generasjon i familiebedrifta og skildra utviklinga frå oldefaren starta med kraftverk og møbelfabrikk ved Storfossen og fram til i dag.
Vidare på programmet var det Sjefsøkonom i Terra Markets som tok oss med inn i mikroøkonomiens verden, og ga en del gode råd og åtvaringar omkring farar og mulegheiter i ei tid med finanskrise i Europa. Han var spesielt oppteken av samanhengen rundt fødselstal og økonomisk utvikling.
Adm. dir. Erik Haugane frå Det Norske fortalte om oljeindustrien og utviklinga sia starten i 1965 og kikka litt i glaskula for å gi oss eit innblikk i kva veg dette ville bera utover i dette hundreåret.
Etter lunsjpausen starta det på igjen med eit kulturelt innslag med Svein Sæter, før det var klart for utdeling av Surnadal Sparebanks utviklingspris. Banksjef Troelsen orienterte om statuttane for prisen, før han kunngjorde at årets pris gikk til Surnadal Bygdeungdomslag for framifrå marknadsføring av heimbygda. Han tok spesielt fram arbeidet som laget hadde lagt ned i høve BU’s landsstemne i 2006 og fylkesstemnet i 2011.
Vidare var det Ragnhild Lund Ansnes som hadde foredrag med tema «Å tenke utafor boksen». Det var eit artig innslag med «fotballhataren» som enda opp som supporter og forfattar av bok om favorittlaget Liverpool. Ho kjem snart med ny bok om «Liverpoolhelter», som kjem ut på fleire språk.
Tidlegare konsernsjef i Shibsted, Kjell Aamot, tok for seg utfordingane som ledarar har i ei tid med store forandringar. Han fortale om korleis den digitale verden hadde ført til store endringar i Shibsted-konsernet. Vidare var det turen til Høgre-leiaren Erna Solberg, som sette fokus på temaet «Kunnskap og konkurransekraft». Ho tok for seg den sterke aukinga i sysselsettinga i offentleg sektor, og korleis privat sektor hadde sakka akterut etter siste finanskrise. Ho kom også med eit varsko for helsebudsjettet dei komande åra.
Siste post på programmet var det Øystein Wiik som hadde, der han i forrykande fart og ispedd musikalsk krydder skulle lære oss matnyttige tips om kommunikasjon, slik at vi skulle kunne prestere meir.