Per Gjeldnes Maskin held no på og legg siste hand på verket i samband med opprusting av Halanessvegen. Vegen er i løpet av dei siste par åra oppgradert ein vektklasse for å tale tømmertransporten og jordbrukstrafikken frå Brusetbrua og innover til Romåbrua i Halanesset.
På Stormyrhaugen har det vore teke ut ein god del masse i samband med vegarbeidet, og no held per Gjeldnes Maskin på med oppryddingsarbeidet på Stormyrhaugen – her blir det no jamna ut, og dermed blir det 3-4 mål med nytt dyrkingsland innover til bytet mellom Austistua og Lykkja. Heile haugen på nersida av vegen blir no jamna ut og aukar dermed arealet litt.