Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Utvidar staben

Utvidar staben

Elinor Bolme Sundag 8. januar 2012

Kårvatn Fjellutstyr AS melder til todalen.no om utvidelse i arbeidsstokken. Dei har no frå 1. januar tilsett Håkon Vego busatt i Molde, og dette gjer at dei per i dag blir 4 tilsette i bedrifta. Han vil ha kontoradresse i Molde, men er tilsett  først og fremst som salgskontakt ut mot eksisterande forhandlarar. Dette er ein viktig del av eksistensen for bedrifta, og dagleg leiar Gudmund Kårvatn er godt nøgd med denne tilsettinga då det er denne biten som kanskje har vorte nedprioritert dei siste åra.

I eit nyheitsbrev til sine forhandlarar skriv Kårvatn Fjellutstyr AS dette om Håkon: «Han har gått Jostedalsbreen på langs i white-out, klatra Vestpillaren på Presten i både god og dårlig stil, fått meir kraft i låra etter mange toppturer de siste sesongene, og han liker å se solnedgangen fra andre standplass på sitt nye hjemmecrag Julsundet utanfor Molde. I 2006 var han en av skaperne av Nordens største klatresenter og fra 2009 til 2011 jobbet han i utstyrsbutikk i Molde. Nå er han svolten på å være på den andre sia av bransjen, og henvende seg til våre forhandlere. Gjennom egen turerfaring og ved å være ein trivelig kar er han rette person til å representere Kårvatn Fjellutstyrs tradisjoner og kvalitetsprodukter.»Med andre ord; rette mannen.

Publisert: 8. januar 2012, 11:34