Tysdag kveld (26. november) inviterer Hageland og Byggmakker til handlekveld med utvida opningstid til kl 18 – 20. Nytt i år er at Hageland og Byggmakker har invitert gjestedeltakarar til å kome inn i butikken med sin torghandel, der der dei sel kortreist og sjølvproduserte matvarer og handverk. Dei blir i finne i «myllårommet» mellom Hageland og Byggmakker.
For å skape den rette stemninga har vi invitert med oss eksterne «torghandlarar» denne gongen, fortel Hubertine og Anita – nedafor ser du deltakaroversikt – og kva dei har i kolleksjonen:
Eksterne deltakarar på handlekvelden – kanskje blir det enna fleire?
- Myllåromme – Julebakst
- Sjøulken – Sjømat
- Vorpå – Laks, ørret mm
- Pestua Gard – Egg
- Todalshonning
- Bele Jostua – Kjøtt
- Bjørn Sæterbø – Håndverk
- Ingrid Kvendset – Søm og strikk
- Gunn Elin Lesund – Julemat
- Opp&Ut – Bakst uten gluten
- Sissel Halset Storslett – Maleri
- Torunn Nordvik – Skinn
Denne kvelden blir det massevis av gode tilbud både frå Hageland. Byggmakker og frå torghandlarane i «Myllårommet». Sjølvsagt blir det traktering med både graut og bakels og anna bakst til kaffen. Velkomen til handlekveld!