Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utvidar kinotilbodet.

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. januar 2025

No blir det også film på laurdagane på Surnadal kino. Dette skjer ved at Filmklubben nokre veker framover utvidar og viser filmar på laurdag klokka 12:00. Filmklubben gir eit tilbod som skal supplere kinotilbodet med å vise gamle filmar, eller nyare filmar som kinoen ikkje har vist. Dei som arbeider på dagtid har ikkje fått tilgang til dette tilbodet, så no prøver Seniorfilmklubben seg litt fram med tre laurdagsfilmar i tillegg til dei faste visingane på onsdagane.

DE UBESTIKKELIGE

Onsdag 15. januar klokka 13:30 viser Seniorfilmklubben filmen «De ubestikkelige». Merk tida, det vanlege her er 12:00, men sidan filmen skildrar Eliot Ness si jakt på gangsterboss Al Capone, så Senioruniversitetet og Slektsforum før filmen gå gjennom denne Ness slekta kjem ifrå i sitt eige arrangement før filmen. Så da kan dei som skal på den slektsforskinga også få med seg gangsterjakta på lerretet onsdag.

FIGHT CLUB

Den moderne klassikaren Fight Club frå 1999 blir første laurdagsfilm laurdag 18. januar klokka 12:00. Filmen er regissert av David Fincher, som i tillegg er mest kjent for mørke «Seven». FIGHT CLUB er ein film som kanskje er meir aktuell i dag enn da den kom, da den m.a. tek opp menn (og kvinner) som ikkje finn sin plass i ei rutineprega verd og tyr til ganske ekstreme metodar for å «kjenne» noko.

NOSFERATU

Frå tysdag 14. januar er det sett av plass til nyinnspelinga av filmen «Nosferatu» på kinoen, og med ein regissør som bør vere den rette for å gjenskape denne klassiske skrekkhistoria. Robert Eggers har gjort filmar som «The Northman», «The Lighthouse» og “The Witch” og summerer du desse, får du eit energisk og noko skremmande sluttresultat.

Originalen er frå 1922 og med Max Schreck (ja, faktisk) i hovudrolla. NOSFERATU er eigentleg Dracula-historia, men filmselskapet fekk ikkje rettane til å filmatisere Bram Stokers kjente roman og måtte difor endre namn og littegrann på handlinga.

PADDINGTON I PERU

Fredag 17. januar er det premiere på ein som også er ute på reiser, men utan hoggtenner og blodfattig utsjånad. Da viser kinoen «Padington i Peru, ein film som fortel om når bjørnen dreg attende til der han kom frå, nemleg «det tjukkaste Peru» – og da blir det plenty med både sjarm, eventyrlyst og humor i jungelen.

Dag Johan Haugerud sin siste svært kritikarroste trilogi «Sex» og «Drømmer» har vore vist før, og vil bli vist igjen frå  søndag 19. januar. Denne filmen vil også bli vist på kinoen og i Seniorfilmklubb veka etter.

Elles vil det framleis vere mogleg å få med seg to andre norske filmar, eventyrfilmen «Kvitebjørn og Team Havnaa. 

Heile kinoprogrammet finn ein på surnadal-kulturhus.no/filmer/

Publisert: 13. januar 2025, 12:15