Svinviks arboret melder at dei har utvida opningstid i dag, 6. juni. Dei held ope frå kl. 11.00 til 21.00. Dette skjer i samband med at Nordvik grendalag og Todalen historielag skal avduke informasjonstavle om Svinvikrunden kl. 19.00.
Så i dag er både råd å få sjå seg rundt i hagen og kjøpe kaffe og gode kaker «heile dagen».