Styrar ved Todalen Barnehage, Jorunn Nordvik har som fleire i Todalen studert rutebåtavgangar nøye for å få sett opp ein turnus for sine ansatte ved Todalen Barnehage. Så langt er ho ikkje i mål med sine lister med opprinneleg mannskap, då fleire ansatte kjem utanfrå Todalen. På fredagens infomøte fekk ho derimot lovnad på å kunne utvide åpningstida på barnehagens åpningstider, utan at dette gjekk på bekostning av sitt budsjett. Ho fekk også tilbud frå ein tidlegare pensjonert ansatt som kan stille som ekstra i kommande veke for å lette på vaktordningane.
Åpningstida blir derfor på mandag frå 6.45 til 17.15. Dette for å samkjøre med oppsette tider på rutebåten. Ordinær åpningstid ved barnehagen er 7.15-16.30. Kommuneledelsen lova på møtet fredag at dei oppsette tidene skulle vurderast i løpet av mandagen. Derfor vel Jorunn Nordvik berre å komma med åpningstidene kun for mandagen no i første omgang. Oppslag om resten av veka blir opphengt i barnehagen, og publisert her på todalen.no.
Fleire har vore i kontakt med kommunens ledelse i løpet av helga for å få oppsett tidlegare ruter midt i veka, samt fleire avgangar på ettermiddagen. Todalen.no vil så snart vi får melding frå Surnadal kommune sin ledelse orientere om eventuelle nye tider.