Trollheimsutstillinga som i si tid stod på Stangvik skule skal no monterast på Gammelfabrikken i Brusetmarka. Heilt sia Stangvik skule var ombygd og renovert har utstillinga levd eit omflakkande liv – til Todalen kom utstillinga frå lageropphald på Bøfjorden skule. No er den «nye heimen» i 2. etasjen på Gammelfabrikken under oppussing, og monteringa er så smått komen i gang.
Deler av utstillinga ber preg av flyttinga, og Gunnar Nordvik fortel at både dyr og kulissar treng litt puss og reparasjon når dei no skal monterast. Dette vil bli gjort etter kvart som det blir montert og plassert i utstillingane. Dette arbeidet vil no ta litt tid, så Gunnar har ikkje noko estimat for når arbeidet kan bli ferdig. Men det vil nok bli ei flott utstilling som vil bidra til at Gammelfabrikken vil bli eit attraktivt museumsmiljø når heile prosjektet blir ferdig.
Gunnar fortel at nokre av dei utstoppa laksane vil bli stilt ut på Todalshytta i første omgang. Her vil dei nok kome i sitt rette miljø, saman med minner frå engelsktida da Lort Phillips rådde grunnen på Todalshytta eller Phillips Hause som hytta vart kalla den tida.